Våre prosjekt
Kulturkontoret jobbar med fleire prosjekt og festivalar. Her er nokre av dei.

Tysnesfest
Tysnesfest vart starta i 2007 av ein kompisgjeng som hadde eit ynskje om å skapa stolheit, identitet og samhald i kommunen. Fyrste året vart det selt 4500 billetter, og festivalen har vakse jamt og trutt til rekordåret 2017 med heile 32 233 selde billettar. Publikummet til Tysnesfest er frå «heile verda» men majoriteten kjem frå Vestlandet. Tysnesfest begeistrar eit publikum i alle aldrar.
100 Dagar
- 7.-8. mars 2025
- Stord
100 Dagar er Noregs minste bransjefestival med ein garantert bli sett og høyrt oppleving for banda som spelar der. Nettverksarenaen knyttar festivalar og band tett saman og gir ein unik mulighet til å knytte kontaktar med musikkbransje og musikkfestivalane på Vestlandet


Fjell, fjord og kjærleik – Festidalen er ikkje mindre enn ein av dei finaste festivalane i Noreg. Med utsyn over Hardangerfjorden og den beste musikken innan norsk pop og rock, kva meir kan du ønske deg?
Utkant blir arrangert siste helga i juli, og har vore eit fast innslag i sommarsesongen sidan 2007, då festivalen var ei festramme for avdukinga av Knut Steen si kongestatue av Olav V. Festivalen har sidan 2008 vore organisert som ei eiga stifting, og finn stad på Skjerjehamn i Ytre Gulen, omlag 2 timar frå Bergen.


First Lego League Sunnhordland
- 9. november
- Tysnes
FIRST® LEGO® League inspirerar born og unge i alderen 4-16 til å bli morgondagens ingeniørar, forskarar og problemløysarar. Gjennom samfunnsrelevante oppgåver får deltakerane oppleva realfag og teknologi på ein engasjerande og spennande måte.