Ledig stilling

Festivalsjef – Tysnesfest

Tysnesfest er ein av Vestlandets mest særeigne og etablerte festivalar — tre dagar med musikk, kultur og fellesskap i spektakulære omgivnader på Tysnes. Med store arenakonsertar, kyrkjekonsert, konsert på Tysnessåto, gjestehamn, camping, marknadsdagar og Tysnesfest UNG samlar festivalen opp mot 5 000 publikummarar dagleg og er ein viktig kulturinstitusjon i regionen.

Tysnesfest har vore leia av same festivalsjef i nær ti år. No vert det gjennomført eit planlagt leiarskifte, og me søkjer ein festivalsjef som vil ta det operative og strategiske hovudansvaret for festivalen vidare.

Dagens leiing vil framleis vere involvert gjennom Kulturkontoret AS og bidra til kontinuitet og vidare utvikling.

Om rolla

Som festivalsjef har du det overordna ansvaret for Tysnesfest si utvikling og gjennomføring. Du set saman med styret den kunstnariske retninga, leiar programmeringa og har ansvar for økonomisk resultat, kommersiell utvikling og organisasjon.

Du rapporterer til styret i Stiftinga Tysnesfest og inngår i eit aktivt og kompetent fagmiljø rundt festivalen.

Hovudansvar:

·       Heilskapleg leiing av Tysnesfest — kunstnarleg, strategisk og økonomisk

·       Resultat- og budsjettansvar

·       Kunstnarleg profil og programmering

·       Sponsorsal og utvikling av partnarskap

·       Relasjonsbygging mot artistar, bransje, næringsliv og offentlege støttespelarar

·       Leiing av produksjonsteam og samarbeid med arenaansvarlege

·       Representere festivalen eksternt

Festivalen vert utvikla i tett samarbeid med Kulturkontoret AS, der både dagleg leiar og sentrale nøkkelpersonar er aktivt involverte i vidare strategisk arbeid. Endeleg fordeling av oppgåver — til dømes innan booking eller andre funksjonar — vert avklart i dialog med rett kandidat.

Rolleutforming og organisering

Stillinga er ei fast 100 % tilsetjing i Kulturkontoret AS, der Tysnesfest vil bli ditt kjerneoppdrag.

Kulturkontoret AS er eigd av Stiftinga Tysnesfest og Tysnes Kraftlag og utviklar og driv profesjonelle kultur- og utviklingsprosjekt på Tysnes og i regionen. Selskapet har i dag leiande roller i fleire etablerte arrangement og initiativ, mellom anna Festidalen, Utkant, First Lego League Sunnhordland, Rein Hardangerfjord og prosjekt i Framtidshavet.

For rett kandidat kan rolla kombinerast med ansvar innan kommunikasjon, reiseliv eller andre strategiske prosjekt i regionen. Samla ansvarsområde vert fastsett ut frå kompetanse, erfaring og rolleomfang.

Kven me ser etter

Me søkjer ein trygg og ambisiøs leiar med gjennomføringskraft og strategisk blikk. Du må trivast i skjeringspunktet mellom kunst, kommers og organisasjon — og vere komfortabel med både langsiktig utvikling og operative avgjerder.

Me ønskjer at du har:

·       Erfaring frå festival, kulturverksemd eller større prosjektleiing

·       Lokal forankring

·       Dokumentert evne til strategisk utvikling

·       Erfaring med budsjett- og resultatansvar

·       Forretningsforståing og evne til å utvikle inntektsgrunnlag

·       Sterke relasjons- og kommunikasjonsevner

·       Erfaring med å leie og motivere team

Det er ein fordel om du har nettverk i musikkbransjen og erfaring med booking og sponsorarbeid.

Me tilbyr

·       Ei sentral leiarrolle i ein etablert og respektert festival

·       Eit aktivt og profesjonelt kulturmiljø i regionen

·       Moglegheit til å forme både rolle og kunstnarisk retning

·       Fast 100 % stilling

·       Løn og ansvarsomfang vert fastsett ut frå kompetanse og samla rolle

Praktisk informasjon

Arbeidsstad: Tysnes er utgangspunktet, men fleksibilitet kan vurderast for rette kandidaten.

Tilsetjing: Fast 100 % stilling i Kulturkontoret AS. Oppstart etter avtale.

Søknadsfrist: 20. mars 2026

Søknad med CV sendes til: oystein@kulturkontoret.as

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Øystein Vaage
Dagleg leiar

oystein@kulturkontoret.as
tlf. 960 45 140

 

Jostein Sydnes 
jostein@kulturkontoret.as
tlf 913 71 097