Festivalnettverk

Opplæring, kompetanseheving og samarbeid. Kulturkontoret står bak initiativet om eit breiare samarbeid mellom uavhengige festivalar. Målet er å auke kompetansen for deg som arbeidar med festival, anten som frivilleg eller profesjonelt. Slik ønsker me å ta ned terskelen for å samarbeida internt i bransjen. 

Dette gjer me gjennom digitale samlingar. Festivalane som er med kan sjølv spele inn aktuelle tema. Datoar og nye tema blir lagt til fortløpande.

Aktuelle tema

Sponsing

Korleis er din sponsorstrategi? Me viser eksempel på sponsorhierarki, innhald i sponsorpakkar, og ser på moglege samarbeidsformer innan sponsorarbeid.

100 Dagar 2024 seminar

Vill Vill Vest

På musikk- og bransjefestival Vill Vill Vest i Bergen blir det ein smakebit på korleis FOKK-nettverket fungerer i praksis. Me inviterer til workshop der DU er eksperten og sitter på svarene. Bli kjent med andre arrangører og få deres erfaringer frå arrrangørfeltet.
Fredag 8. november kl 14 – 15
Workshopen er open for alle med delegatpass.

100 Dagar 2024 seminar

Billettar

Snart jul og gode mogleiker til å selge billettar og få en boost i arbeidet med promotering av festivalen din. Kva gjer du for å optimalisere billettsal? Korleis nyttar du artistslipp til billettslipp?

100 Dagar 2024 seminar

100 Dagar

På 100 Dagar blir det nettverkssamling og workshops spesielt tilrettelagt for festivalar. 

Frivillige

Saman ser me på korleis me rekruttterer frivillige og korleis me motiverer og held på frivillige. Utveksling av gode erfaringer og tips til forbetringar. 

Booking

Tips, råd og ikkje minst diskusjon til korleis ein kan få til gode booking-prosessar. 

Tryggleik

Kva beredskap har du på din festival? Er alt på plass før festivalsommaren? Få tips om vakthald, kontakt med myndigheiter og beredskapsplanar?

Bli med på rekrutteringsprosjekt

FOKK-prosjektet starta i 2024 eit prosjekt med tanke på å rekruttere nye talent til festivalbransjen. To praktikantar jobba sommaren 2024 på fem ulike festivalar og hausta verdifull erfaring.