Verdas kulaste sommarjobb?
No har du sjansen til å bli praktikant på heile fem festivalar på vestlandet.
Sommaren 2024 gjennomførte Kulturkontoret ein praksisordning for festivalar. Heile 150 søkarar kom inn frå heile landet og to personar vart valt ut til å vera praktikantar på fem festivalar.
No lyser me ut to nye stillingar som får sjansen til å bli kjent med fem ulike festivalar og jobbe med varierte oppgåver.
Dei fem festivalane som er med er Mablisfestivalen (Stavanger), Bygdalarm (Norheimsund), Festidalen (Kvinnherad), Utkant (Gulen) og Tysnesfest (Tysnes).
Som praktikant får du arbeida med eit stort spekter av oppgåver og ansvarsområder. Du får sjølv vera med og påverka kva arbeidsoppgåver du skal ha i forhold til kva dine interesser og erfaring du har.
Du kan lese eit intervju av fjorårets praktikantar gjort av Strilen her. (ekstern lenke)
Me ser etter deg som er
- Mellom 19 og 26 år
- Samarbeidsorientert
- Glad i folk og trives med gruppearbeid
- Har ei interesse for festival- og musikkbransje
Å jobbe som praktikant på festival kan vera krevjande og du må vera budd på lange dagar og kunne ta på deg oppgåver du ikkje har gjort før. Du må kunne takle stress og ulike situasjonar. Du vil få vegleiing og oppfølging frå erfarne festivalpersonar.
For spørsmål til stillingane, kontakt Jostein Sydnes, tlf 91371097, epost jostein@kulturkontoret.as
Søknadsfrist er no gått ut.
Desse festivalane er med
- 20. - 21. juni
- Stavanger
I 2025 skal Mablis gjennomføre sitt niende år med todagers utendørs musikkfestival i Vålandsskogen, et av Stavangers flotteste rekreasjons- og friområder, med kort vei til Stavanger sentrum. Festivalen skal avholdes 20. – 21. juni med konserter og andre kunstneriske og kreative opplevelsestilbud. Festivalen har etter hvert blitt godt etablert i Stavanger og stadig nye tilskuere oppdager Mablis sin magi blant bøkeskog, gressamfi og Vålandstårnets ruvende topp.


- 27. - 28. juni
- Uskedalen
Fjell, fjord og kjærleik – Festidalen er ikkje mindre enn ein av dei finaste festivalane i Noreg. Med utsyn over Hardangerfjorden og den beste musikken innan norsk pop og rock, kva meir kan du ønske deg?
Festidalen går av stabelen i Uskedalen, Kvinnherad, 27. – 28. juni.

Tysnesfest
- 12. juli - 14. juli
- Tysnes
Tysnesfest vart starta i 2007 av ein kompisgjeng som hadde eit ynskje om å skapa stolheit, identitet og samhald i kommunen. Fyrste året vart det selt 4500 billetter, og festivalen har vakse jamt og trutt til rekordåret 2017 med heile 32 233 selde billettar. Publikummet til Tysnesfest er frå «heile verda» men majoriteten kjem frå Vestlandet. Tysnesfest begeistrar eit publikum i alle aldrar.

- 24. - 26. juli
- Skjerjehamn - Gulen
Utkant blir arrangert siste helga i juli, og har vore eit fast innslag i sommarsesongen sidan 2007, då festivalen var ei festramme for avdukinga av Knut Steen si kongestatue av Olav V. Festivalen har sidan 2008 vore organisert som ei eiga stifting, og finn stad på Skjerjehamn i Ytre Gulen, ca 2 timar frå Bergen.
